Peder Svortevik

Svortevik kai, der Peder Svortevik starta landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svortevik kai, der Peder Svortevik starta landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Peder Svortevik starta landhandel i Svortevik i 1906. Han dreiv også dampskipskaia og hadde postkontor. Enkja Marie dreiv forretninga og den øvrige verksemda vidare då mannen døydde i 1916. Ho gifta seg oppatt med Olai Tyvold, og saman dreiv dei butikken til dottera Petra Svortevik og ektemaken Anton Holm tok over under 2. verdskrig. Dei la ned butikken i 1969.

I ei bu ved sidan av kaia starta Ludvig Tyvold med sildesalting. Seinare tok sonen Nikolai Tyvold over denne verksemda og hadde mykje folk i arbeid i sildesesongen. I desse Tyvold-buene har det i dei siste åra vorte drive ein sommarkafé.