Peder Pavels Aabel

Peder Pavels Aabel (1795-1869) fødd i Aurland, busett i Sogndal. Prest og folkeopplysningsmann. Han var son av sokneprest Ole Jensen Aabel (1757–1852) i Aurland og var sokneprest i Sogndal 1824–1833.

I tida i Sogndal fekk han m.a. skipa «Læseselskab for Indre Sogns mer dannede Familier», og var elles skipar av Sogndals Sogneselskab (1831) og Almueboksamling. Alt i 1831 fekk han gjennom Sogndal Sokneselskap sogndølene til å dyrke importerte kornsortar som t.d. hardfør himalayabygg, og fekk same året tilsett Elling Rasmussen Aaberge som den første jordbrukslæraren i Sogn og Fjordane.

Aaberge arbeidde som omreisande vandrelærar i jordbruk på gardane i Sogndal frå 1832 til 1834. Kring 1830 skipa han til den første 17. mai-feiringa i Sogndal, og oppmoda då bygdefolket om å stille til festen i bunad.

Han flytta seinare til Land, og var m.a. far til distriktslege og forfattar Andreas Aabel, som var far til skodespelar Hauk Aabel og farfar til skodespelaren Per Aabel.