Oppstryn kyrkje

Oppstryn kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppstryn kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppstryn kyrkje vart bygd i 1863. Arkitekt var Ludolph Rolfsen etter Hans Ditlev Frank Lindstows typeteikning (sjå også Nedstryn kyrkje).

Altertavla er frå 1910 og er måla av Ferdinand Kiærulf Tranaas. Preikestolen er frå 1863. Ein messehakel, nattverdsutstyr, eit måleri, ei dør og ein benk frå 1600-talet. Kyrkja har to kyrkjeklokker, den eine frå 1702.

Stavkyrkja teken av snøskred

Den første kyrkja i Oppstryn vart reist truleg på 1200-talet. Den er omtala som Kirkja a Nesin og vart øydelagd av ein snøskred – Fossefonna – i 1662 eller 1663. Inventaret i denne kyrkja skal ha vore uvanleg flott. Noko av det som vart berga opp av vatnet etter at Fossefonna hadde herja har kome til rette att, m.a. altaret og ei gamal kyrkjedør. Segna seier at også kyrkjeklokka vart berga opp av vatnet. Denne klokka skulle ha ein uvanleg klang som bar vide ikring. Men etter omstøyping i Bergen i 1702 fekk den ikkje den same mektige klangen att.

Kyrkja i Oppstryn skulle eigentleg ha vore bygd på Flo på andre sida av vatnet frå Fosnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kyrkja i Oppstryn skulle eigentleg ha vore bygd på Flo på andre sida av vatnet frå Fosnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kyrkjetømmeret flaut over vatnet

Etter skredet vart det bygt ny kyrkje, men no på Fosnes. Før ny kyrkje vart sett opp på fonnsikker stad på Fosnes, vart ”Arne-stova”, ei stor stove på Nesje, nytta som mellombels kyrkje. Opphaveleg var det tanken at kyrkje skulle byggjast opp att på Flo på nordsida av vatnet. Litt av grunngjevinga var at det skulle verte kortare kyrkjeveg for dei sunnmøringane som måtte gå over Flofjellet på veg til kyrkje, for på den tida var det mange gardar i Frøysadalen som sokna til kyrkja i Oppstryn. Tømmeret til ”Flo-kyrkja” var på plass, men på uforklarleg vis flaut all materialen ei natt sør om vatnet til Fosnes. – Slike segner om kyrkjetømmer som flyttar seg, finn ein m.a. att i Selje og Kalvåg. Kyrkja som vart reist på Fosnes, var ei tømra kyrkje med 15 meter langt skip. I tillegg hadde den kor på 6,5x6,5 meter, våpenhus og tårn. Ho stod til nyekyrkja vart bygd i 1863. - Les elles under Biografiar, Ola Olsson Ytreeide; om det avsaga presteportrettet i kyrkja. Denne kyrkja som låg på garden Nesje, vart i 1662 eller 1663 øydelagd av ei snøfonn.