Olden gamle kyrkje

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk


Olden gamle kyrkje står midt i Olden sentrum og vart bygd i 1759. Byggmeister var Jon Langeland. Altartavla er frå 1772 og er truleg måla av Jan Wallentin Wedel på oppdrag frå mannen som eigde kyrkja då; kremmaren og rikmannen på handelsstaden Tonning, Peder Pederson Tonning. Tonning har fått initialane sine PPT plasserte midt på tavla.

Preikestolen i gamlekyrkja er frå 1772, ein skriftestol i kyrkja skriv seg heilt tilbake til mellomalderen, to altarlysestakar er frå 1600-talet, og fleire portrettmåleri som heng i kyrkja er frå 1600- og 1700-tala. Kyrkjestolane er frå 1759. På mannssida er kyrkjestolane utstyrte med hattehengjarar, såkalla krekser, på inngangsstolpane. Kyrkjeklokkene er frå 1663 og 1722.

Gamlekarane på heidersplass i kyrkja

I den gamle Olden-kyrkja er det elles hengt opp eit fotografi som vart teke av Rasmus Liseth i 1910. Gruppefotoet har tittelen ”Den modne alder” og viser 32 av dei eldste mennene i bygda. Alle kallane har kvitt skjegg og er kledde i raude ”nisseluer”.