Olav Henden

Butikken til Olav Henden vart bygd i 1923. Foto: Ottar Starheim

Butikken til Olav Henden vart bygd i 1923. Foto: Ottar Starheim

Olav Henden starta landhandel på Skram i 1918.

I 1923 bygde han eige forretningsbygg ved Gate 1. Sonen Arne Henden tok over forretninga i 1958. Han dreiv også drosje. Seinare gjekk forretninga over til glasmagasin som vart drive til bygget vart selt kring 1980 til Kirsti Husevåg. Ho dreiv frisørsalong.

I 2002 kjøpte Jan Solhaug forretningsgarden og ektemaken Turid Hjulstad Solhaug starta Måløy Blomsterhandel.