Ola Fimland
Ola P. Fimland (1906–1981) frå Instedalen. Bonde og Senterpartipolitikar.
Første ordførar i Naustdal etter kommunesamanslåinga med Vevring 1964–1976. Medlem av fylkesting og fylkesutval, og under sjukehusstriden kring 1970 ein av dei fremste forkjemparane for å få bygd sentralsjukehus i Førde. Far til Håkon Fimland.