Nye kyrkjer etter reformasjonen

Urnes stavkyrkje er ei av stavkyrkjene i Sogn som framleis står. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Urnes stavkyrkje er ei av stavkyrkjene i Sogn som framleis står. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Svartedauden fekk også store konsekvensar for kyrkjebygningane. Dei kom i sterkt forfall, og mange vart totalt øydelagde. Men etter reformasjonen i 1536 kom det fart i kyrkjebygginga att.

I 1686 viser eit oversyn at det var 15 kyrkjer i Nordfjord prosti, og 12 av desse var av nyare dato, medan to var stavkyrkjer frå mellomalderen. I Sunnfjord var det 20 kyrkjer, av dei ei stavkyrkje, og fem stavkyrkjer som hadde fått tilbygg.

I Sogn var det 30 kyrkjer, av desse 11 stavkyrkjer og tre stavkyrkjer med tilbygg. Dessutan hadde Sogn fem steinkyrkjer, Sunnfjord to og Nordfjord ei steinkyrkje.

Les meir om: Den norske kyrkja - Statskyrkja.