Norske Kvinners sanitetsforening vart skipa i 1896 av Fredrikke Marie Qvam, Randi Blehr, Cecilie Thoresen Krog, Margrete Vullum og Pylle Horst.
I Sogn og Fjordane vart dei første lokallaga skipa like etter hundreårsskiftet. Heilt fram til 1949 var desse lokallaga samla i eit felles regionalt lag saman med Bergen og Hordaland i Bergen krins.
Laura Sundal Skorpen fylkesleiar i 17 år
Norsk Kvinners Sanitetsforening Sogn og Fjordane fylke vart skipa i 1949 då Bergen krins vart delt. Laura Sundal Skorpen frå Flora var første fylkesleiar frå 1949 til 1966. Fylkeslaget hadde ved skipinga 6472 medlemer i 23 lokale foreningar. I tillegg kom to ungdomsavdelingar og tre barnelag.
Dreiv skuletannrøkt
Kampen mot tuberkulosen, helsesøsterteneste og småbarnskontroll, og bygging av lokale helsestasjonar og sjukestover var sentrale arbeidsoppgåver for sanitetslaga i dei første ti-åra. Etter 2. verdskrig var det også einskilde lokale lag som dreiv skuletannrøkta på heimstaden, og på Bulandet skaffa jamvel laget bygda symjebasseng slik at ungane fekk symjeopplæring.
Solbakken i Florø vart reist av Sanitetsforeningen i 1960. Institusjonen har dei siste åra vore brukt som asylmottak. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Solbakken i Florø
Det største løftet for Sanitetsforeningen i Sogn og Fjordane var bygginga av Solbakken arbeids- og pleieheim for psykisk utviklingshemma i Florø, opna i 1960. Solbakken vart utvida fleire gonger på 1960-talet, og fekk også ei hytte i Eikefjord. Solbakken hadde i 1971 omsorg for 44 psykisk utviklingshemma barn.
Fylkeskommunen overtok driftsansvaret for Solbakken i 1981, og institusjonen vart avvikla i samband med HVPU-reforma tidleg på 1990-talet. Institusjonen har sidan vorte leigd av Flora kommune som m.a. har brukt Solbakken som flyktningmottak. Ved 50-årsjubiléet til fylkeslaget i 1999 vart skipingsåra til desse sanitetslaga registrerte:
- Breim Sanitetslag vart skipa i 1899
- Florø Sanitetsforening vart skipa i 1904
- Askvoll Sanitetsforening vart skipa i 1911
- Gulen Sanitetslag vart skipa i 1911
- Selje Sanitetsforening vart skipa i 1911
- Vadheim Sanitetsforening vart skipa i 1912
- Byrknes Sanitetsforening vart skipa i 1913
- Eikefjord Sanitetslag vart skipa i 1913
- Hornindal Sanitetslag vart skipa i 1913
- Kinn Sanitetslag vart skipa i 1913
- Aurland Sanitetslag vart skipa i 1914
- Bjordal Helselag på Høyanger sørside vart skipa i 1914
- Bremanger Sanitetslag vart skipa i 1915
- Kalvåg Sanitetsforening vart skipa i 1915
- Davik Sanitetslag vart skipa i 1917. Dette vart delt i 24 arbeidslag i den spreiddbygde kommunen.
- Svelgen Sanitetsforening vart skipa i 1920
- Høyanger Sanitetsforening vart skipa i 1922
- Nordfjordeids Sanitetsforening vart skipa i 1923
- Kyrkjebø Sanitetslag vart skipa i 1925
- Kjølsdalen Sanitetsforening i Eid vart skipa i 1926
- Ortnevik Sanitetslag i Høyanger vart skipa i 1926
- Strendene Sanitetsforening for Bjordal og Ortnevik vart skipa i 1926
- Søreide Sanitetslag i Høyanger vart skipa i 1926
- Bulandet Sanitetslag vart skipa i 1936
- Stongfjorden Sanitetslag vart skipa i 1936
- Ålfoten Sanitetsforening vart skipa i 1939
- Midtgulen Sanitetsforening i Bremanger vart skipa i 1945
- Norddalsfjord Sanitetslag i Flora vart skipa i 1945
- Standal Sanitetsforening i Flora vart skipa i 1957
- Svardal Sanitetslag i Flora vart skipa i 1958
- Totland Sanitetslag, Bryggja, vart skipa i 1964
- Kjøllesdal Sanitetslag vart skipa i 1964
- Leirvåg Sanitetslag i Askvoll vart skipa i 1970
- Ålfoten Sanitetslag vart skipa i 1979
- Berle Sanitetsforening i Bremanger vart skipa i 1979
- Rugsund Sanitetslag vart skipa i 1979
- Storebru-Langedal Sanitetsforening vart skipa i 1986
Barnehagen som Høyanger Sanitetsforening bygde i 1953.