Norsk Reiselivsmuseum

Slik tek reiselivsmuseet seg ut når det er ferdig. Foto: Statsbygg.

Slik tek reiselivsmuseet seg ut når det er ferdig. Foto: Statsbygg.


Vestnorsk Reiselivsmueum vart skipa som stifting i 1988 med m.a. Balestrand kommune og dei fire vestlandsfylka som skiparar. Sogn og Fjordane fylke ber hovudtyngda av drifta, som i bolkar har slite tungt økonomisk. Dei første åra heitte museet Vestnorsk Reiselivsmuseum, men skifta namn til Norsk Reiselivsmuseum i 2001.

Museet held til i Balestrand, der Bom Bom-huset og Cooper-huset og det gamle Kaihuset går inn i samlinga. Dei to første vert leigde, det siste eig museet sjølv. I museumsbygga har det m.a. vore sal av kunsthandverk, galleri og utstillingar.

Cooper-huset har husa Norsk Reiselivsmuseum medan ein venta på at det nye museumsbygget skal stå klart. Foto: Asle Veien, NRK.

Cooper-huset har husa Norsk Reiselivsmuseum medan ein venta på at det nye museumsbygget skal stå klart. Foto: Asle Veien, NRK.

I Balestrand sentrum har museet arrangert kulturhistoriske vandringar, og tok i 1996 initiativet til «Kunstbygda Balestrand» som arrangerte fleire utstillingar.

Museet samarbeider med Fylkesarkivet si fotoavdeling om innsamling av foto frå reiselivet, har eit rikhaldig historisk arkiv og bibliotek, og har frå starten gjeve ut bladet «Vestnorsk Reiseliv».

Mange skjer i sjøen

I 2004 vart det lagt fram planar om eit nytt reiselivsmuseum til 85 millionar kroner i Balestrand. Opphaveleg kom det kjende arkitektfirmaet Snøhetta med framlegg om at muséet skulle integrerast i høgblokka til Kvikne’s hotell med ein ekstra etasje, men seinare har ein funne fram til ei rimelegare løysing med muséet nede ved kaia.

Planlagt opning i 2015

Bygginga kom i gang, og råbygget til første byggjesteg var ferdig i desember 2007. Av ulike grunnar trekte resten av bygginga ut, men i 2010 løyvde regjeringa nok pengar til at bygginga av andre byggjesteget skulle kome i gang i september 2011. Etter den planen skulle muséet opne i 2012. Men det tok noko lengre tid. Først i 2013 kom bygginga i gang, dåverande kommunalminister Liv Signe Navarsete la ned grunnsteinen i mai, og etter planen blir Norsk reiselivsmuseum opna offisielt våren 2015.

Liv Signe Navarsete la ned grunnsteinen til museet i mai 2013. Foto: Robert Jan Leedrink.

Liv Signe Navarsete la ned grunnsteinen til museet i mai 2013. Foto: Robert Jan Leedrink.