Norsk Marin Fisk AS

Norsk Marin Yngel i Svelgen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Norsk Marin Yngel i Svelgen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Norsk Marin Fisk AS vart skipa på Davik i 1995 av Stig Bakke m.fl. og har spesialisert seg på oppdrett av torsk.
I 2005 hadde verksemda to lokalitetar, ein på Isane og ein på Nødset, og fekk eit overskot på 1,2 millionar kroner.

Skipsreiar Johan Fredrik Odfjell sitt selskap Space AS gjekk inn som stor aksjeeigar i selskapet i 2006 med fem millionar kroner.

Bakke starta også selskapet Norsk Marin Yngel som dreiv med yngelproduksjon i Svelgen. Dette siste selskapet gjekk konkurs i 2004, men Bakke fekk gjennom Norsk Marin Fisk AS kjøpt anlegget for å sikre vidare yngelproduksjon.

Oppdrettsanlegget ved Nødset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppdrettsanlegget ved Nødset. Foto: Ottar Starheim, NRK.