Norsk Fjordhestgard

Frå Norsk Fjordhestgard. Foto: Svein Hjelmeset.

Frå Norsk Fjordhestgard. Foto: Svein Hjelmeset.

Norsk Fjordhestgard på Råd i Breim vart starta i 1988.
Bak stiftinga står bondelag, fjordhestlag og andre organisasjonar i Gloppen, saman med Gloppen og Stryn kommunar.

Fjordhestgarden driv rideskule og kurs i stell av hest, og turriding sommarstida. Den er avlsstasjon for fjordhestlaget i Nordfjord. Anlegget er elles brukt til ulike aktivitetar – m.a. til den kjende countryfestivalen sidan 1995. Denne samlar årleg 7000 country-fans frå heile landet.