Nordsida kyrkje

Nordsida kyrkje. Foto: Olav Jakob Tveit.

Nordsida kyrkje. Foto: Olav Jakob Tveit.

Nordsida kyrkje vart bygd i 1973. Arkitekt var Alf Apelseth frå Ørsta. Han teikna også Berle kapell i Bremanger og Kilsfjord kyrkje i Volda kommune. Byggmeistrar var Sandbakk og Beinnes, Stryn. Altartavle i material-teknikk er frå 1983 og teikna av Ingjerd Pettersen Hagh.

Honndalspresten styrer tre kyrkjer

Sidan 1967 har Nordsida i Stryn kommune – d.v.s. bygdene frå og med Hopland og Randabygda i vest til og med Blakset i aust, vorte styrde av presten i Hornindal. Men då sentraliseringsbylgjene slo over indre Nordfjord på 1960-talet, og det meste av Hornindal kommune vart innlemma i storkommunen Stryn, heldt det ei stund på å gå den motsette vegen: Wiig-komitéen, med biskop Alf Wiig i spissen, gjorde då framlegg om å leggje ned Hornindal som eige prestegjeld og innlemme det i Stryn prestegjeld. Men Bjørgvin-bispen Per Juvkam kom med ei anna løysing: I den nye storkommunen kom det til å verte i alt åtte sokn. - Del heller storkommunen Stryn i tre prestegjeld og la Nordsida høyre til soknepresten i Hornindal, sa Juvkam. Og slik vart det. Juvkam fekk brei lokal støtte for framlegget, men vilkåret som vart sett lokalt, var at det vart bygd ei eiga kyrkje på Nordsida i tillegg til kyrkja i Randabygda. Den nye Nordsida kyrkje på Fjelli vart vigsla i 1973, og både den og Randabygda kyrkje høyrer framleis under presten i Hornindal.