Nordfjord Idrottsamlag

Kappkliving vaar ei idrettsgrein blant dei militære på Nordfjordeid.

Kappkliving vaar ei idrettsgrein blant dei militære på Nordfjordeid.

I Sogn og Fjordene har organisert idrett sine lengste tradisjonar kring i det militære miljøet kring den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid:

Eidsbygda Skyttarlag vart skipa i 1861. Eids Turnforening vart skipa så tidleg som i 1863, og er eitt av dei eldste idrettslaga i landet.

Men det var på Sandane vi fann dei sterkaste organisatorane då idrettsmiljøet i Nordfjord skulle organiserast i felles lag: Nordfjord Idrottsamlag vart formelt skipa i 1910 etter opptak frå løytnant og prest Reiel Nybø i Gloppen. Forløparen var Nordfjord Idrætsforbund, som vart skipa i 1900, men aktiviteten var laber dei første åra.

Nordfjord Idrottsamlag heitte det første året Nordfjords Idretslag og var ein paraplyorganisasjon for idrettslaga i fjorden, og arrangerte dei første åra skistemne om vinteren og friidrettsstemne kvar haust.

Ei viktig oppgåve for laget var utdanning og autorisering av dommarar både for friidrett og skiidrett. Laget var representert for første gong utanfor fylket på eit skistemne på Voss. Idrottssamlaget i Nordfjord var i drift til 1923, då det vart oppløyst og midlane overførde til Sogn og Fjordane Skikrins, som vart skipa same året.