Nils J. Landmark

Nils Landmark (1825-1906) frå Fjaler, busett i Balestrand. Bonde.

Han var son til futen Johan Widing Heiberg Landmark, og var landbruksutdanna i Danmark i 1850. I 1856 kjøpte han storgarden Bale, som tidlegare hadde vore krungods og m.a. hatt den rike prost Anders Daae som eigar. Garden Bale låg der tettstaden i Balestrand ligg i dag. Frå 1880 selde han ut bruket i parsellar.

Bror til Georg Henrik Landmark (sjå denne under: Kjende personar i Fjaler fødde år 1800-1850).