Nils J. Knagenhjelm

Privat foto.

Privat foto.

Nils Joachim Knagenhjelm (1920-2004) i Kaupanger. Skogeigar, motstandsmann og Høgre-politikar.

Milorg-basen i Sogndalsdalen

Nils J. Knagenhjelm stod sentralt i oppbygginga av Milorg-gruppa «Siskin» i Sogn i 1945 saman med Ragnar Ulstein og Hans H. H. Heiberg, og måtte røme saman med desse då Milorg vart opprulla i fylket i mars 1945 - sjå: Opprullinga av Milorg.

Kaupanger Hovedgård

Overtok Kaupanger Hovedgård i 1949, og gjennomførte straks frikjøp av husmennene slik at dei vart sjølveigarar av gardane sine. Saman med ektemaken Wibeke Knagenhjelm gjorde Nils J. Knagenhjelm ein stor innsats for å få restaurert Kaupanger stavkyrkje på 1960-talet.

Politisk engasjement

Ordførar i Sogndal 1968-1975. Gav i denne tida fri grunn på Haukåsen til bygging av Sogndal Lufthamn, opna i 1971. Han arbeidde også aktivt for å få lagt Sogn og Fjordane Distriktshøgskule (seinare Høgskulen i Sogn og Fjordane) til Sogndal. Medlem av fylkestinget 1969-1979 og medlem i fylkeslandbruksstyret i mange år.

Knagenhjelm spela ei sentral rolle i arbeidet for å få bygt sentralsjukehus i Førde, opna i 1979. I 1966 vart Nils J. Knagenhjelm intervjua i fjernsynet om utviklinga av Førde - sjå: Program 'Førde - et sentrum for Sogn og Fjordane'.

Utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1986.