Nes kyrkje

Nes kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nes kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Altartavala frå 1909. Foto: Rune Anda.

Altartavala frå 1909. Foto: Rune Anda.

Krusifiks frå Nes kyrkje på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Krusifiks frå Nes kyrkje på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Nes kyrkje bygt 1836. Arkitekt H. D. F. Lindstow. Byggmeister lensmann Bugge.


Altartavle frå 1909 måla av Isak Refsnæs (sjå: Kjende personar i Selje fødde år 1700-1900).

Preikestol frå 1630, døypefont frå 1650, tre kyrkjeklokker - den eine frå 1100-talet (ei av dei eldste i landet) og dei to andre frå 1200-talet. Bibel frå 1787. Anna utstyr frå byggjeåret eller seinare. På Bergen Museum finst to godt bevarte altarfrontalar (altarbilete) frå Nes – det eine frå ca. 1300 og det andre frå ca. 1300-1325, eit krusifiks i eik, dekt med forgylt kopar frå 1250. Det er eit fransk arbeid frå Limoges.

I Dale kyrkje i Luster står ein døypefont i kleberstein frå mellomalderen som tidlegare har stått i ei kyrkje på Nes.

Ein av dei to flotte altarfrontalene frå 1300-talet som høyrer til Nes kyrkje, men som no er å finne på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Ein av dei to flotte altarfrontalene frå 1300-talet som høyrer til Nes kyrkje, men som no er å finne på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Stavkyrkje på Nes

På Nes sto ei stavkyrkje frå ca. 1300-talet. Den målte 13 x 6 meter og vart riven då noverande kyrkje vart bygd. Mykje av inventaret i Nes kyrkje er frå den gamle stavkyrkja.

Gamle Nes kyrkje.

Gamle Nes kyrkje.