Naustdalsvassdraget - kasteball mellom kraft og vern

Naustdalsvassdraget. Foto: Åsmund Berthelsen.

Naustdalsvassdraget. Foto: Åsmund Berthelsen.

Elva Nausta pregar og formar dalføret i Naustedalen frå fjord til vidde. På grensa mot Gloppen kommune går vasskiljet, og på nordsida renn Gjengedalsvassdraget mot Hyen. Begge vassdraga er kjende som gode lakseelvar. Men dei vassrike falla har også gjort vassdraga attraktive for kraftutbygging, og i årevis har konflikten stått mellom utbygging og vern, inntil begge elvane vart verna ved skipinga av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde i 2009.

Sogn og Fjordane Energi, SFE, står i dag som den formelle eigaren av fallrettane i begge vassdraga. Dette har sin bakgrunn i at fylket overtok fallrettane frå private oppkjøparar i nedgangstidene i mellomkrigstida. Då vart det ikkje lenger så attraktivt for spekulantar å eige vassfall som det hadde vore i oppgangstidene frå 1900 og gjennom jobbetida kring 1. verdskrig.

Fossespekulantane kjøpte i Nausta

Den første utanfrå som kjøpte opp store fallrettar i Naustdalsvassdraget var ein ingeniør med namnet Vaksdal. Han hadde stått for planlegginga av kraftverket i Hovefossen. Vaksdal fekk kjøpe fallrettane øvst i vassdraget frå Herstad og oppover, m.a. mot at grunneigarane skulle få gratis kraftleidningar og straum. Vaksdal fekk handgjeve fallrettane i 1916. Men det er mest truleg at Vaksdal berre var stråmann for den pengesterke bergensreiaren Jakob Kjøde som vart formell eigar i 1917. Han betalte då 200.000 kroner i kontantar og obligasjonar, pluss 185 kW frikraft til elveeigarane. I 1917 var det planar om å byggje kraftverk under Styggelifossen og under Nesfossen, og utnytting av falla frå Langevatna med ein stasjon ved Nesrimma. Men nedgangstidene som kom nokre år seinare, gjorde at Kjøde trekte planen. Seinare kom desse fallrettane i eiga til Sogn og Fjordane fylke.

Nausta sett frå lufta. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nausta sett frå lufta. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lang tenkjepause for Nausta

Både fylke og kommunar i Sogn og Fjordane vart hardt råka av nedgangstidene og krisa som kraftutbyggingssaka i Ålfoten (sjå Bremanger kommune) skapte på 1920-talet. Sogn og Fjordane fylke sat på store fallrettar både i Ålfoten, Naustdal/Gjengedal, Osenvassdraget, Gaula og Nyset/Steggje, men var tilbakehaldne med å byggje ut noko som helst i eigen regi før ein kom til slutten av 1960-talet: Fallretten i Yksenelvane i Ålfoten vart etter krigen leigd ut til det interkommunale kraftselskapet Firdakraft i Nordfjord. Sjølv starta ikkje det fylkeseigde Sogn og Fjordane Elektrisitetsverk utbygginga av Åskora, det andre store fallet i Ålfoten, før på slutten av 1960-talet. Seinare har SFE også bygt ut to mindre kraftverk i Osenvassdraget. I Nyset/Steggje overlet fylket utbygginga til ÅSV. Men då fylkeskraftverket freista å få bygt ut dei retteleg store vassdraga, Gaularvassdraget og Naustdal/Gjengedal, stilte utbyggingsmotstandarane opp med full tyngde. Kampen enda med varig vern for Gaularvassdraget i 1993. For Naustdal/Gjengedal skulle det gå nærmare over 40 år frå dei første utbyggingsplanane vart lanserte og til vernesaka vart endeleg avgjort i 2009.

Naustdalskraft til aluminiumsfabrikk i Askvoll

Den første idéen – altså ikkje nokon konkret plan – for utbygging av Naustdal/Gjengedal kom i 1968 då landsdelskomitéen for Vestlandet, Vestlands-komitéen, lanserte idéen om å reise ein ny industriby i Askvoll basert på kraftkrevjande industri: Eit stykke aust for Askvoll sentrum ville Vestlandskomitéen byggje stort aluminiumsverk, drive med kraft frå nye kraftverk i Nausta og Gjengedalselva og pluss Gaularvassdraget. Men planen vart ikkje fylgd opp. Aluminiumsbyen i Askvoll kom aldri lenger enn til komitéstadiet. - Les meir om industriplanane i Askvoll i eigne artiklar under Askvoll kommune. Der finn du også planskisse for industribyen – m.a. med ein innteikna flyplass!

Den nedste delen av Nausta, sett frå riksvegbrua. Foto: Åsmund Berthelsen.

Den nedste delen av Nausta, sett frå riksvegbrua. Foto: Åsmund Berthelsen.

1990-talet: Varig vern av Nausta?

Gaularvassdraget vart varig verna i 1993 etter lang strid. Men då Stortinget tidleg på 1990-talet gjekk dei avgjerande rundane om Verneplan for vassdrag vart Nausta og Gjengedalsvassdraget mellombels halde unna utbygging. Grunnen var at styresmaktene ville ha vurdert verneverdiane kring desse vassdraga. Sogn og Fjordane Elektrisitetsverk hadde då i mange år gått svangre med planar om utbygging både i Naustdal og Hyen, og var lite glad for utsetjinga. Sidan forsøkte SFE seg med reduserte utbyggingsplanar for dei to vassdraga, men kom ikkje stort lengre med det i første omgang, for reguleringsplanane for Nausta og Gjengedalsvassdraget vekte både lokal og nasjonal motstand. Posisjonane mellom utbyggingsforkjemparane og vernarane har skifta fram gjennom åra: Lenge såg det ut til at vernarane skulle vinne fram, men i 2003 gjekk NVE likevel inn for at vassdraga kunne byggjast ut. Men så snudde vinden mot vern att, og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tok til å arbeide ut detaljerte planar for verneområdet og forvaltning av vassdrag og natur innanfor dette. Arbeidet med verneplanen vart mellombels utsett då Statnett i 2005 lanserte planen om å byggje ei ny 420 kilovolt kraftline frå Sogn til Møre. Nokre av linealternativa kunne kome til å krysse det påtenkte verneområdet mellom Naustdal og Gloppen. Men då desse linealternativa fall bort, og ein sidan konsentrerte seg om den vestlegaste linetraséen via Svelgen, vart planarbeidet for verneområdet i Naustdal/Gjengedal teke opp att

Ytre Langevatnet er ein del av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Her har Arnfinn Valaker sikra seg ein fin aure frå vatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ytre Langevatnet er ein del av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Her har Arnfinn Valaker sikra seg ein fin aure frå vatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde

På lokalt hald var ein innstilte på vern dersom Staten innfridde eit krav om eit statleg utviklingsfond på 30 millionar kroner som vederlag for at vassdraga i Naustdal og Hyen vart verna. Eit slikt fond vart m.a. skipa i samband med vern av Gaularvassdraget i 1993. I januar 2009 vedtok så regjeringa å skipe Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde der vern av dei to vassdraga er eit sentralt element. Landskapsvernområdet omfattar 394 kvadratkilometer i Naustdal, Gloppen, Jølster og Førde kommunar. Dei fire kommunane fekk til saman 10 millionar kroner i næringsfond som erstatning for vernet og 1,5 millionar kroner til forvalting av landskapsvernområdet.