Naustdal kyrkje

Naustdal kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdal kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dette biletet vart teke då Naustdal kyrkje vart måla i åra 1913-1915. Dette arbeidet kravde folk med balanse og utan høgdeskrekk. Øvst på kula står Mathias Svorstøl. Ukjend fotograf.

Dette biletet vart teke då Naustdal kyrkje vart måla i åra 1913-1915. Dette arbeidet kravde folk med balanse og utan høgdeskrekk. Øvst på kula står Mathias Svorstøl. Ukjend fotograf.

Naustdal kyrkje vart bygd i 1891. Kyrkja er den største i Sunnfjord med 650 sitjeplassar og vert difor kalla ”Sunnfjordkatedralen”. Arkitekt var Adolf Schirmer, byggmeistrar Mons. N. Skare og Jørgen L. Torsheim. Kyrkja er den største i Sunnfjord med 650 sitjeplassar og vert difor kalla «Sunnfjordkatedralen».

Altartavla er kopi av kjend tavlemotiv av dansken Garl Bloch, ukjent kven som har måla kopien. Nattverdsutstyr frå 1629 og 1778, to vinkanner frå 1785, altarduk frå 1678, krusifiks frå 1713, messehakel frå 1785. To kyrkjeklokker frå 1702 og 1709. Naustdal har hatt kyrkjelydshus sidan 1982.

Kyrkjelydshuset i Naustdal, det tidlegare Reed-huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kyrkjelydshuset i Naustdal, det tidlegare Reed-huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Målstrid om kyrkjesalmane

I 1904 vart det reist krav frå nynorskfolka om innføring av Blix-salmane i Naustdals-kyrkja. Prost Landmark var for nynorsk, men fekk vite av motstandarane at han var ein av dei som vert vart sikta til i bibelordet ….”de vise skal forstyrre verden”. Her som mange stader elles, rekna eldre konservative det for ukristeleg å nytta anna enn ”Guds språk” i kyrkja – d.v.s. bokmål. Framlegget om nynorske salmar vart den gongen røysta ned med stort fleirtal. – Les elles under Skulehistorie om den kvasse striden kring innføring av nynorsk i skulekrinsane.