Nigardsbreen i Jostedal er ein del av Jostedalsbreen nasjonalpark. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Jotunheimen nasjonalpark
vart skipa i 1980 og ligg i kommunane Årdal og Luster i Sogn og Fjordane og Lom og Vang i Oppland fylke. Det verna området er på 1.145 kvadratkilometer.
Frå den offisielle opninga av Breheimen nasjonalpark i 2009, ved Drivandefossen. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.
Jostedalsbreen nasjonalpark
I 1992 vedtok Stortinget å gjere Jostedalsbréen med nærliggjande bréar og sidedalar til nasjonalpark. Det samla arealet til nasjonalparken er på 1320 kvadratkilometer.
Hallingskarvet nasjonalpark
vart skipa i 2006 og dekkjer eit fjellområde på 450 kvardratkilometer i kommunane Aurland, Hol og Ulvik. Ein av dei viktigaste grunnane til å skipe nasjonalparken var å sikre leveområdet for villreinstammen i Nordfjella.
Breheimen nasjonalpark
vart skipa i august 2009 om omfattar eit areal på 1691 kvadratkilometer i Luster i Sogn og Fjordane og kommunane Skjåk og Lom i Oppland. I tillegg er det skipa landskapsvernområde på Strynefjellet, Mysubytta, Høydalen, Mørkridsdalen og Vigdalen, samt Høyrokampen naturreservat. Vernet omfattar dermed 1794 kvadratkilometer.
Omfanget av nasjonalparkane i Sogn og Fjordane
Tala står for samla areal i kommunane, kvadratkilometer nasjonalpark og prosentvis del nasjonalpark i kommunen:
| Stryn | 1381 | 469 | 34 |
| Gloppen | 1028 | 41 | 7 |
| Jølster | 671 | 142 | 21 |
| Førde | 586 | 40 | 7 |
| Balestrand | 430 | 8 | 2 |
| Sogndal | 746 | 107 | 14 |
| Luster | 2707 | 694 | 26 |
| Årdal | 976 | 52 | 5 |
| Aurland | 1468 | 7 | 0,5 |
(Breheimen nasjonalpark på 1691 kvadratkilometer, skipa i august 2009, er ikkje rekna med i oversynet).
56 fjell over 2000 meter
Innafor nasjonalparkane finn vi alle dei 56 fjelltoppane som er over 2000 meter høge.
Skagastølstindane er mellom dei 56 toppane over 2000 meters høgde i Sogn og Fjordane. Her er tindane slik dei tek seg ut frå Turtagrø.Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.