NRK Sogn og Fjordane

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Distriktskontor i NRK med 41 tilsette i 2003 - produserer for radio, fjernsyn og internett.

Planar om NRK-nærradio

Norsk Rikskringkasting sette tidleg på 1970-talet ned eit utval leia av Sverre Smeland, som skulle greie ut utbygging av nærradio i NRK-regi kringom i landet.

Lokalkontor først

I 1974 gjorde NRK vedtak om skiping av eit lokalkontor i Førde, og gjorde samstundes prinsippvedtak om at Sogn og Fjordane skulle få sitt eige distriktskontor. Samstundes vart heile Sogn og Fjordane mellombels samla under distriktskontoret i Bergen sitt programdistrikt. Fram til då hadde Nordfjord fått programma frå kontoret i Ålesund (populært kalla Vigra lokal), og Sunnfjord og Sogn høyrde på sendingane frå Bergen.

Mathias Stang (t.v.) og Ottar Starheim var dei to første radiorøystene til NRK Sogtn og Fjordane.

Mathias Stang (t.v.) og Ottar Starheim var dei to første radiorøystene til NRK Sogtn og Fjordane.

Hausten 1975 vart Ottar Starheim tilsett som styrar for lokalkontoret, som våren 1976 kunne flytte inn som første leigetakar i det nye Førdehuset. Kontoret knytte til seg eit nett med kontaktmedarbeidarar over heile fylket, og i samband med stortingsvalet hausten 1977 starta lokalkontoret eigne sendingar frå studio i Førdehuset.

Medarbeidarar i NRK Sogn og Fjordane i 1978. Frå venstre teknisk sjef Hugleik Nordvik, frilansar Kjell Arvid Stølen, programingeniør Alf Jørgen Tyssing, distriktssjef Ottar Starheim og programsekretær Mathias Stang. Foto: NRK.

Medarbeidarar i NRK Sogn og Fjordane i 1978. Frå venstre teknisk sjef Hugleik Nordvik, frilansar Kjell Arvid Stølen, programingeniør Alf Jørgen Tyssing, distriktssjef Ottar Starheim og programsekretær Mathias Stang. Foto: NRK.

Eige distriktskontor

Distriktskontoret for Sogn og Fjordane vart offisielt opna i nybygde lokale i Førde sentrum i 1979. Frå starten kunne kontoret tilby daglege ettermiddagssendingar frå måndag-fredag, i tillegg til lokalsport sundags kveld. Lokalradioen hadde liten ekspansjon elles på 1980-talet p.g.a. stillingsstopp i NRK. Først i 1988 kunne distriktskontoret avvikle ordninga med fellessendingar ved Bergen. Då kom daglege morgonsendingar på lufta. I 1993 gjekk NRK over til tre radiokanalar, og det gav vel 5 timar sendetid i P1 til distriktskontora. Radiosendingane har sidan den tid hatt jamt over 50 prosent oppslutning i Sogn og Fjordane. Lokalradioen er det einaste fylkesdekkjande mediet.

TV-opptak i redaksjonslokala i samband med at NRK Sogn og Fjordane kom med for fullt i Vestlandsrevyen 25. august 1992. Frå venstre Margrethe Henden Aaraas, Asle Veien, Einar Førde og Magni Øvrebotten.

TV-opptak i redaksjonslokala i samband med at NRK Sogn og Fjordane kom med for fullt i Vestlandsrevyen 25. august 1992. Frå venstre Margrethe Henden Aaraas, Asle Veien, Einar Førde og Magni Øvrebotten.

Vestlandsrevyen først i landet

Distriktskontoret fekk eige fjernsynslag og TV-utstyr i 1983. Saman med NRK Hordaland var NRK Sogn og Fjordane pionerar på distrktsfjernsyn; Vestlandsrevyen vart starta i 1991 som den første regionale TV-sendinga i NRK-regi i landet. I samband med fjernsynssatsninga vart NRK-huset i Førde utvida og m.a. utstyrt med nye redigeringsrom. "Vestlandsrevyen" har to sendingar kvar kveld måndag-fredag på NRK1.

Heidi Lise Bakke og dei andre TV-fotografane i NRK Sogn og Fjordane har sidan 1991 forsynt Vestlandsrevyen med innslag frå fjordfylket. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Heidi Lise Bakke og dei andre TV-fotografane i NRK Sogn og Fjordane har sidan 1991 forsynt Vestlandsrevyen med innslag frå fjordfylket. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Lokalkontor og internett

I 1981 fekk distriktskontoret lokalkontor på Hermansverk. Kontoret flytta til Sogndal i 2000 og fekk samstundes utstyr for fjernsynsreportasje. Inge Kjell Holme var tilsett ved lokalkontoret i Sogn 1981-2001, Kai Aage Pedersen 2000-2001, Arve Uglum og Arne Eithun frå 2001, og Hege Holm frå 2006. Lokalkontoret på Nordfjordeid vart opna i 1991 med Harald Kolseth som reporter. I 2002 vart dette kontoret flytta til Måløy, der også Eva Westvik, Inge Skavøypoll og Asgeir Jens Reksnes har vore medarbeidarar.

Internett og tekst-TV

Sidan slutten av 1990-talet har distriktskontoret hatt kontinuerleg oppdaterte nyhende på NRKs internettsider, der ein også kan sjå og høyre Fylkesnytt og Vestlandsrevyen. På internettsidene ligg også m.a. Fylkesleksikon, Fylkesnett og Kulturnett. NRK Sogn og Fjordane har også oppdaterte nyhendesider på Tekst-TV, NRK1.

Den gamle brannstasjonen i Førde er teken vare på og fungerer som garasje for NRK. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den gamle brannstasjonen i Førde er teken vare på og fungerer som garasje for NRK. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tilsette

NRK Sogn og Fjordane har kring 40 tilsette.

Distriktssjefar/distriktsredaktørar har vore:

  • Distriktssjef Ottar Starheim1978-1990
  • Distriktsredaktør Magni Øvrebotten 1990-2004
  • Distriktsredaktør Kai Aage Pedersen 2004-2009
  • Distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen - konstituert frå 2009, fast frå 2010-.

Nynorsk mediesenter

Styret i NRK vedtok i 2003 å skipe eit nynorsk kompetansesenter knytt til distriktskontoret i Sogn og Fjordane for å utdanne nynorskbrukande journalistar til radio, fjernsyn og internett. Nynorsk mediesenter opna i september 2004 med Magni Øvrebotten som leiar. Sjå elles Nynorsk Mediesenter under Skular. I 2013 starta Firda Media AS opplæring av avisjournalistar - Nynorsk avissenter. Dette senteret skal samarbeide med Nynorsk mediesenter om delar av undervisinga.

NRK Sogn og Fjordane held til i Angedalsvegen i Førde.

NRK Sogn og Fjordane held til i Angedalsvegen i Førde.