Milorggruppa «Snowflake»

Alf Rosenlund var distriktssjef i Milorg.

Alf Rosenlund var distriktssjef i Milorg.

Vinteren og våren 1945 heldt leiinga av Milorggruppa «Snowflake» til i Ålfotdalen og fjella kring Svelgen.

Gruppa var militært leia av Harald Svindseth. Lensmann Alf Rosenlund frå Davik var oppnemnd som lokal distriktssjef for Milorg i Fjordane, og slutta seg til gruppa i Ålfotdalen. (Hans H.H.Heiberg, Kaupanger, hadde same funksjon i Sogn).

«Snowflake» var gruppa som skulle ta seg av Fjordane, medan gruppa «Siskin» skulle dekkje Sogn, og låg i skjul i Sogndalsdalen og i Frønningen (sjå denne under «Krigshistoria i Sogndal»). Snowflake skulle særskilt sikre kraftstasjonen i Svelgen og sambandssentralen for rikstelefonen i Stryn mot øydeleggjing når tyskarane trekte seg ut.

Opprulling av Milorg i Sogn, og deretter Fjordane, gjorde at Snowflake måtte flytte mykje omkring i fjella for ikkje å bli oppdaga.

Todørshellaren - ein motstandsbase

I dei siste månadane av 2. verdskrig vart ein berghellar på austsida av Hyefjorden, kalla Todørshellaren, tidvis nytta som base og møteplass for Milorg-folk.