Mellomalderkatedralen på Vangen

Vangen kyrkje. Foto: Skarpmoen.

Vangen kyrkje. Foto: Skarpmoen.

Døypefonten frå 1200-talet. Foto: Arild Nybø, NRK.

Døypefonten frå 1200-talet. Foto: Arild Nybø, NRK.

Vangen kyrkje er ei steinkyrkje frå 1200-talet, og er den største steinkyrkja i Sogn.

Det rikt utsmykka altarskåpet vart skore av ein ukjend kunstnar i 1926 – same året som kyrkjeskipet vart tilbakeført til sitt opphavelege preg då det flate taket vart fjerna.

Dei tre smale vindauga over altaret og eit tilsvarande over kyrkjeinngangen har glasmåleri av Emanuel Vigeland. Preikestolen er frå 1600-talet.

Eit klebersteinskar for vigselvatn er fastmura ved inngangen. Døypefonten er frå 1200-talet, to røykelseskar frå m.a. førkristen tid og frå ca. 12-1300-talet er tekne vare på i Bergen Museum.

Biskop og historikar Absalon Pedersøn Beyer har i nyare tid fått ein bautastein ved kyrkja.

Vangen kyrkje innvendig før 1917. Foto: N. M. Nielsen Hjørring.

Vangen kyrkje innvendig før 1917. Foto: N. M. Nielsen Hjørring.

Vangen kyrkje i 1870.

Vangen kyrkje i 1870.