Martin Linge


Martin Linge (1894-1941) fødd på Linge på Sunnmøre. Skodespelar og offiser. Leiar for nokre av dei første norske styrkane i England, seinare kalla Linge-kompaniet. Han leia den norske avdelinga under Måløyraidet 3. juledag 1941. Linge fall på trappa til Ulvesund Hotell under storminga av hovudkvareret til dei tyske troppane i Måløy.

Kong Olav V avduka i 1966 Linge-monumentet i Måløy. Dette stod i fleire år ved Måløy gamleheim før det vart flytta til Sæternes og plassert på den staden der Linge fall. Også i heimbygda på Linge i Valldal er det reist eit minnesmerke over krigshelten.

Kong Olav legg ned krans ved Linge-monumentet i samband med avdukinga i 1966.

Kong Olav legg ned krans ved Linge-monumentet i samband med avdukinga i 1966.

Lingemonumentet der det står i dag, på staden der Martin Linge fall. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lingemonumentet der det står i dag, på staden der Martin Linge fall. Foto: Ottar Starheim, NRK.