Magnus Grimset

Magnus Grimset fødd 1916 i Naustdal. Bonde, Senterpartipolitikar og organisasjonsmann.

Medlem av kommunestyret 1959-1991, derav 32 år i formannskapet. Ordførar 1975-1979 og 1983-1987. Leiar i Norges Bondelag i sju år, i Sogn og Fjordane Bondelag i 11 år, styremedlem i Vestlandske Salslag i 14 år, og har m.a. hatt ei rad tillitsverv i idrettslag og skyttarlag. Grimset var avsnittsjef i Heimevernet i Sunnfjord i 20 år.

Æresmedlem i Norges Bondelag, Norske Kommuners Sentralforbund, Sogn og Fjordane Senterparti, Sunnfjord Skyttarsamlag, Norges Kooperative Landsforening, Sunnfjord Skyttarlag og Naustdal Skyttarlag.