Magni Jensen

Magni Jensen fødd 1953 i Dale, busett i Kvamsøy i Balestrand. Kunsthandverkar.

Utdanna ved Kunsthandverksskolen i Bergen. Har delteke m.a. i årsmønstringane til Norske kunsthandverkarar og i fellesutstillingar ved Sogn og Fjordane Kunstnarsenter og Vevringutstillinga. I utlandet har ho delteke i kollektivutstillingar i Sverige, Island, Færøyane og USA, på den siste både med porselen og steingods. I 2007 vann ho førstepris for arbeida sine på ei stor, internasjonal keramikkutstilling i USA.

Jensen er representert med arbeid m.a. ved Førde Sentralsjukehus og statsbygget på Leikanger.

Gift med Geir Hjetland.