Magne Skaar

Magne Skaar fødd 1940 i Øvre Årdal, busett i Leikanger. Sosialøkonom og direktør i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Sosialøkonom frå Universitetet i Oslo 1965. Forskar ved Chr. Michelsens Institutt 1966 - 1974. Han arbeidde til saman seks år for NORAD i ulike prosjekt i Afrika.

Utbyggingskonsulent i Sogn og Fjordane frå 1974, frå 1989 næringssjef. Skaar var direktør for regional utviklingsavdeling 1990-2003, og arbeidde sidan som seniorrådgjevar i same avdelinga.