Magne Dvergsdal

Magne D. Dvergsdal fødd 1937 i Dvergsdal. Tannlege og politikar. Arbeidde i mange år som distriktstannlege i Lavik, deretter i Førde. Han har representert Framstegspartiet i fylkestinget, m.a. vore fylkesleiar for partiet.

Då han vart pensjonert frå den offentlege tannhelsetenesta starta han privatpraksis. 76 år gamal investerte han i 2014 ein million kroner i avansert utstyr som kan lage ferdige tannkroner utan ventetid for pasienten.

Bror til Arne D. Dvergsdal.