Målforma i skulen

Lærar Thomas Kilen freista tidleg på 1880-talet å innføre nynorsk i undervisninga i Årdal, men kom på kant med ordførar Endre Offerdal. I 1881 fekk Kilen hard refs. Men då målmannen Per Klingenberg Hestetun engasjerte seg i politikken, vart nynorsk innført som skulemål i alle krinsar i 1907. Då han vart ordførar i 1908, vart nynorsk kommunalt administrasjonsmål.

Første skuleboksamlinga kom på Tangen i 1899.

Les meir om skulane i Årdal.