Måløybrua

Måløybrua var lengste brua i landet då den vart opna i 1974. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløybrua var lengste brua i landet då den vart opna i 1974. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløybrua vart opna 1974 av Kong Olav V, men vart uoffisielt teken i bruk like før jul i 1973. Brua var til den tid Noregs lengste, med 34 spenn og total lengde på 1.224 meter, og var det andre bompengefinansierte vegprosjektet i Sogn og Fjordane etter Loftesnesbrua i Sogndal.

Tidlegare ordførar i Nord-Vågsøy og fylkesordførar Leif Iversen la som leiar i bruselskapet ned eit stort arbeid i prosjektet.

Lang strid om brua

Før bygginga starta, hadde vågsøyværingane hatt ein årelang strid om fastlandssambandet for Måløy skulle løysast med tunnel under, eller bru over Måløy-straumen. Striden førde m.a. til at brutilhengarane stilte eiga «bruliste», og fekk inn representantar i kommunestyret (sjå Kommunehistoria i Vågsøy).

Måløybrua blir stengd ved sterk vind. Brua er bygt for å tole vind på opptil 75 m/sek.Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Måløybrua blir stengd ved sterk vind. Brua er bygt for å tole vind på opptil 75 m/sek.Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Bompengesuksess

Som bompengeprosjekt vart Måløybrua ein suksess: Den vart nedbetalt langt tidlegare enn ein hadde rekna med. Overskotet etter bompengeselskapet vart i 2003 nytta til å gje ut boka «Måløy – Brua og byen» av Ottar Starheim og Terje Sølvberg, og overskotet av boksalet – omlag 400.000 kroner – vart gjeve til den lokale Frelsesarméen i Måløy.

Sjå elles artikkelen Riksveg 15 Måløy-Nordfjordeid.