Måløy Radioforretning

Måløy Radioforretning. Foto: Ottar Starheim.

Måløy Radioforretning. Foto: Ottar Starheim.

vart starta i 1940 av Bjarne Osmundsvåg og Sverre Skibenes.

I krigsåra låg verksemda nede, men starta på nytt i 1945. Etter starten i leigde lokale i Måløy Bedehus flytta verksemda butikk og reparasjonsverkstad til Skibenes sin forretningsgard ved Gate 1. På slutten av 1950-talet flytta radioforretninga til ein Lars Haugens hus like ved. På verkstaden bygde dei i alt 50 radiosendarar for fiskebåtar.

Verksemda har spesialisert seg på skipselektronikk ved sida av sal av radio- og fjernsynsapparat og musikkinstrument. I 1986 slutta Bjarne Osmundsvåg som dagleg leiar, og dei tilsette tok over verksemda.

I 1997 flytta Måløy Radioforretning avdelinga for elektroniske hushaldningsartiklar til kjøpesenteret Måløy Brygge, der butikken er medlem i Expert-kjeden. I 2004 hadde Måløy Radioforretning 11 tilsette og ei omsetning på vel 20 millionar kroner.