Ludvig Eikaas

Ludvig Eikaas med eitt av dei mest omdiskuterte verka sine - Jeg. Foto: Knut Snare, Aftenposten/Scanpix

Ludvig Eikaas med eitt av dei mest omdiskuterte verka sine - Jeg. Foto: Knut Snare, Aftenposten/Scanpix

Ludvig Eikaas (1920-2010) frå Eikås i Jølster. Målar, grafikar og skulptør. Frå 1970 professor ved Kunstakademiet i Oslo. Han vert rekna som ein av dei sentrale biletkunstnarane i Noreg i siste halvdel av 1900-talet, særleg innan grafikk.

Elev ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole 1942-1946, Statens Kunstakademi 1946-1948, og Det Kongelige Danske Kunstakademi i København 1948.

Eikaas debuterte som målar og grafikar på Høstutstillingen i 1946. Han har hatt ei rad separatutstillingar i inn-og utland, og er representert i dei fleste kunstgalleria i Noreg.

Eikaasgalleriet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eikaasgalleriet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eikaasgalleriet

I 1994 fekk Ludvig Eikaas sitt eige kunstmuseum med Eikaasgalleriet i heimekommunen, då det nedlagde meieriet på Ålhus vart ombygd til kunstgalleri. Eikaas stilte ein stor del av produksjonen sin til rådvelde for Eikaasgalleriet. Sidan har samlinga m.a. vorte supplert med ei stor mengd trykkplater som Eikaas nytta til litografiane sine.

Ludvig Eikaas sitt portrett av Henrik Ibsen.

Ludvig Eikaas sitt portrett av Henrik Ibsen.

Fjordhesten til Eikaas er bumerket til NRK Sogn og Fjordane.

Fjordhesten til Eikaas er bumerket til NRK Sogn og Fjordane.

Første nonfigurative utsmykkaren

Saman med kunstnarkollegaene Gunnar S. Gundersen og Gudrun Kongelf fekk Eikaas dei første nonfigurative utsmykkingsoppdraga i landet, m.a. for Jotun fabrikker i Sandefjord og for Kunstnernes Hus.

Sjølvbiografi

I Sogn og Fjordane har Ludvig Eikaas laga m.a. utsmykkinga ved inngangen til Sentralsjukehuset i Førde, «Fjordhesten» ved posthuset i Førde, og han er meister for NRK Sogn og Fjordane sin logo «Fjordhesten». Eikaas gav i 1983 ut sjølvbiografien «Innenfor sirkelen».

Ludvig Eikaas var gift med biletkunstnaren Synnøve Anker Aurdal. Saman laga dei eit teppe til Håkonshallen i Bergen i 1966. Han er far til biletkunstnar Stig Eikaas, som m.a. driv eigne kunstgalleri i Hyen.

Eikaas vart tildelt Fylkeskulturprisen i 1994, han vart utnemnd til riddar av 1. kl. av St. Olavs orden i 2000, og utnemnd til æresmedlem i BKSF Sogn og Fjordane i 2009.

Utekafé (1961) av Ludvig Eikaas. © Blomqvist Kunsthandel.

Utekafé (1961) av Ludvig Eikaas. © Blomqvist Kunsthandel.

Utsmykkinga til Ludvig Eikaas (midt på biletet) friskar opp eit elles lite fargerikt Førde sentralsjukehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utsmykkinga til Ludvig Eikaas (midt på biletet) friskar opp eit elles lite fargerikt Førde sentralsjukehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.