Loen kyrkje

Loen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Loen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Loen kyrkje ligg i det gamle Loentunet og vart bygd i 1838. Kyrkjeskipet er bygd åttekanta. Arkitekten er ukjend, men byggmeisteren veit vi var Elling Olsen Waldboe som også bygde den åttekanta kyrkja i Innvik. Altartavla er ei såkalla katekismetavle med bibelsitat, datert til tidleg 1600-tal. Preikestolen er eit typisk rennessansearbeid frå 1600-talet. I kyrkja er det elles teke vare på Christian IIs bibel frå 1550, Fredrik IIs bibel frå 1589, ei messebok frå 1606, Ny Psalmebog frå 1699 og Brochmanns huspostill frå 1760.

Minnesteinane med namna på dei omkomne ved rasulukkene i 1905 og 1936. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minnesteinane med namna på dei omkomne ved rasulukkene i 1905 og 1936. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I kyrkja er det hengd opp eit trekanta måleri frå kring 1650. Truleg er dette ein del av ein større dekorasjon. Under taket i kyrkjeskipet heng eit votivskip frå 1600-talet. Elles heng det ei minnetavle (epitafium) frå 1670-åra og to måleri frå 1642 og 1675 i kyrkja. Den eine kyrkjeklokka i tårnet er frå mellomalderen, den andre frå 1594. Eit dåpsfat frå 1637 er teke vare på ved Bergen Muséum. Dei omkomne frå rasa i Oldedalen i 1905 og 1936 ligg gravlagde ved Loen-kyrkja, og minnesteinar med namna på dei omkomne er reiste på kyrkjebakken.

Kyrkje i Loen frå 1200-talet

Den første kyrkja i Loen var truleg ei stavkyrkje, reist på 1200-talet. Den er omtala i Bjørgvin Kalvskinn tidleg på 1300-talet. Den vart avløyst av ei tømra langkyrkje på 1600-talet. Kor og våpenhus på denne kyrkja var i stavverk, og truleg har koret vore ein del frå den gamle stavkyrkja. På slutten av 1600-talet fekk denne kyrkja galleri og vart måla innvendes. Ei gamal altartavle vart samstundes bytt med ei ny. Kyrkja stod lenge utan kyrkjetårn, men i 1707 vart det sett på eit kyrkjetårn, finansiert med private gåver. Denne kyrkja var i bruk til dagens kyrkje var bygd i 1838.

Steinkrossen ved Loen kyrkje

Like ved vestveggen på Loen-kyrkja står ein keltisk steinkross. Den er primitivt forma, og har eit hol i midten. Truleg har krossen vorte knytt til ein religiøs samlingsstad som vart nytta i den første misjonstida på 800- og 900-talet. Slike krossar finn vi elles på Ryggøyra og ved Vereide-kyrkja i Gloppen, ved Lefdal i Eid, på Svanøy, i Korssund og i Eivindvik i Gulen. Ein teori er at desse steinkrossane er sette opp som religiøst samlingspunkt der ein heldt messe før ein fekk kyrkjer på staden. Ei segn fortel at krossen vart flytta frå Krossvika nedanfor kyrkja og opp til kyrkjegarden der den skulle nyttast som gravstøtte for ein ung løytnant som omkom i ei ulukke. Han hadde vedda med nokre kameratar på at han torde å hente Bibelen frå kyrkjealtaret ved midnatt. Men då han hoppa over kyrkjegarden, fekk han ein staur gjennom magen og døydde.

Steinkrossen ved Loen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steinkrossen ved Loen kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.