Leikanger vert fylkesmannssete

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

I 1861 vart John Collet Falsen utnemnd til amtmann i Nordre Bergenhus. Han hadde fått vite at garden Nybø på Systrond var ledig, og i 1863 flytta han dit og busette seg der - sjå: Fylkesmannsgarden på Nybø.

På garden vart det bygt både fylkesmannsgard og embetsgard for sorenskrivaren i indre Sogn. Begge husa står framleis. På Systrond i Leikanger har amtmannen og seinare fylkesmannen i Sogn og Fjordane vore busett sidan.

Heilt fram til Leikanger kommune bygde eit stort administrasjonsbygg - Tinghus I - like ved fylkesmannsgarden i 1939, heldt amtmannen/fylkesmannen kontor i eit lite hus på garden der det var plass til hans eige kontor og eit felles kontor for fire funksjonærar. Huset står framleis like ved riksvegen på fylkesmannsgarden. I forgangen var det plass til arkiv.

Leikanger kommune bygde med åra to nye administrasjonsbygg - Tinghus II og Tinghus III - som heilt fram på 1980-talet husa det meste av fylkesadministrasjonen og den statlege forvaltninga. Men tinghusa vart med åra for tronge for eit veksande byråkrati. Fleira etatar vart flytta ut til m.a. samvirkelagsbygget på Leikanger, Sognefjord Hotell og forretningsbygg på Hermansverk.

Statens Vegvesen bygde i 1980 eige administrasjonsbygg på Hermansverk, og i 1989 tok Sogn og Fjordane fylkeskommune i bruk sitt eige Fylkeshus på Hermansverk.



Les også: