Illustrasjonsfoto: Colourbox.no
I gamle dagar var det ikkje uvanleg at menn opererte med ein «leigefriar» som vart send til den utvalde med spørsmålet. Slike vart kalla omtalsmenn.
På Ålhus hadde bonde og ordførar Anders Emmanuel Ålhus sett seg ut den 16 år gamle og velståande jordajenta Katarina Danielsdatter Befring i Stardalen som koneemne. Han allierte seg med lærar Ludvig G. Åsen, som reiste til Stardalen som omtalsmann. Men då jenta fekk spørsmålet, svara Katarina:
- Hadde du spurt for deg sjølv, så. Det gjorde Ludvig, og fekk «ja» på flekken!
Faren til jenta vart kvit av sinne då han høyrde kva som hadde hendt. Han truga med å gjere henne arvelaus, og freista presse Katarina til å gå frå lovnaden om giftarmål med Ludvig. Men då rømde ho frå garden. Ludvig måtte til slutt betale den vrange svigerfaren 10 dalar for å sleppe at han nekta dei lysing. Men seinare vart svigerson og svigerfar vel forlikte, og det enda med at Daniel kjøpte gard til svigersonen.