Lavik vart nytt knutepunkt

Bilferja Gulen legg til kai i Lavik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bilferja Gulen legg til kai i Lavik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lavik er i dag kjent som det viktigaste trafikknutepunktet i Høyanger kommune fordi hovudsambandet på Vestlandet, Europaveg 39, kryssar fjorden med ferje mellom Lavik og Oppedal.

Lavik kom først med på fylkesbåtrutene i 1870. Før den tid var det den gamle skysstasjonen og handelssetet Værholmen nokre kilometer lenger vest som var stoppestad for båtrutene i denne delen av Sognefjorden. Værholmen var ute av rutelistene på slutten av 1870-talet. I 1949 vart kaia i Lavik utvida slik at bygda kom med som stoppestad på den nye snøggbåtruta mellom Sogn og Bergen. I 1964 vart den nye kaia i Rysjedalsvika vest for Leirvik opna, og dermed fekk Lavik redusert talet på stopp på snøggbåtruta til Bergen.

Ferjebygda Lavik

Men det er først og fremst som ferjebygd at Lavik har fått ein sentral posjon i samferdsla i Sogn og Fjordane: I 1955 opna det første ferjesambandet over Sognefjorden frå Vadheim og Lavik på nordsida til Instefjord i tidlegare Brekke kommune (no Gulen kommune). Samstundes vart det opna eit ferjesamband mellom Fonnebost og Solheim i Masfjorden i Nordhordland. Dermed vart det for første gong mogeleg å køyre med bil mellom Sogn og Fjordane og Bergen over ei ytre line. Dei første fem åra gjekke ferja over Sognefjorden i trekantsambandet Vadheim-Lavik-Instefjord berre om somrane. Vadheim vart kutta ut då vegen mellom Vadheim og Lavik var gjennombroten i 1960. Turen over fjorden mellom Lavik og Instefjord tok den gongen ein time.

20 minutt over fjorden

I 1965 vart vegen mellom Instefjord og Brekke opna og ferjeleiet på sørsida flytta til Brekke. Dermed vart ferjetida over fjorden korta ned til 45 minuttar. I 1990 vart nyevegen på austsida av Risnesfjorden frå Instefjord til Oppedal opna, og med ferjeleiet i Oppedal vart ferjetida over Sognefjorden til Lavik korta ned til 20 minuttar.

Dei siste åra har trafikken på ferjesambandet Lavik-Oppedal auka kraftig, og trass i hyppige avgangar blir det ofte så mange bilar som ventar at oppstillingsplassen blir for liten. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei siste åra har trafikken på ferjesambandet Lavik-Oppedal auka kraftig, og trass i hyppige avgangar blir det ofte så mange bilar som ventar at oppstillingsplassen blir for liten. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ny ferjekai

I 2013 tok arbeidet med å byggje ny ferjekai i Lavik til. Det inneber at vegen til ferjekaia blir lagd om, og fleire hus må rivast. Ferjekaia får 135 oppstillingsplassar og eit samla areal på 5700 kvadratmeter. I tillegg kjem 550 meter med ny veg langs fjorden. Arbeidet er kostnadsrekna til nesten 300 millionar kroner, og den nye ferjekaia skal takast i bruk hausten 2015.

– Les elles meir om veg- og ferjesambanda til Bergen under Gulen kommune i artikkelen: E 39 mellom Sogn og Bergen.

Modell som syner korleis ferjekaia i Lavik blir sjåande ut når anleggsarbeidet er ferdig i 2015. Foto: Statens vegvesen.

Modell som syner korleis ferjekaia i Lavik blir sjåande ut når anleggsarbeidet er ferdig i 2015. Foto: Statens vegvesen.