Lars Stub Heiberg Landmark (1808-1883) frå Tysse. Lege.
Distriktslege for heile Sunnfjord frå 1841. Han fekk frådelt garden Leitet frå farsgarden Tysse, og busette seg der.
Då fylket fekk åtte legedistrikt i 1857, fekk Lars Stub Heiberg Landmark ansvaret for den ytre, søre delen av Sunnfjord.
Gjennom Ytre Holmedals Sogneselskap arbeidde han aktivt for å betre bøndene sine kår, og gjorde opptaket til skiping av Fjaler sparebank i 1873.
Son til Nils L. Landmark og ein av 15 sysken (sjå omtale av desse under faren).
Lars Stub Heiberg Landmark budde på Leitet. Foto: Ottar Starheim, NRK.