Lars P. Lefdal. (©Fylkesarkivet)
Lars P. Lefdal (1871-1944) - frå Lefdal i noverande Eid kommune. Bonde, forretningsmann og politikar.
Ordførar i Davik kommune 1913-1937. Var kring 1900 medeiegar i fiskebåtar og slo seg stort opp som fiskehandlar i Måløy kring 1. verdskrig. I tillegg hadde han filialar i Kinn, Bremanger, Davik, Eid, Selje og på Sunnmøre. I 1918 vart L.P. Lefdal likna for 110.000 kroner berre for verksemda han dreiv i Måløy.
Lefdals fiskeriselskap vart oppløyst i 1911. L.P.Lefdal overtok sjøbuda som fiskeriselskapet eigde på Seternes i Måløy. Denne buda leigde han i 1922 ut til Kvalheim & Co. som kjøpte den i 1929. I 1922 bygde L.P. Lefdal Måløy Saltlager på Gotteberg, som seinare vart Måløy Kjølelager. Då L.P. Lefdal gjekk konkurs nokre år seinare, vart denne eigedomen teken over av Måløy hamnestyre som i 1957 bygde ny hurtigrutekai like ved. Bygget stod ved hurtigrutekaia til det vart rive i 1978.
Leiar i direksjonen i Ålfot interkommunale Kraftselskap (sjå Ålfotsaka). Vararepr. for Venstre på Stortinget 1919-1921.
Farfar til vegsjef Lars Lefdal.