Lars Nilsson Sølvberg

Lars Nilsson Sølvberg (1861-1910) frå Sølvberg, busett i Utvik. Byggmeister og arkitekt.Utdanna seg til bygningsteknikar ved Bergens tekniske skole. Starta deretter som byggmeister, og hadde eige sagbruk og høvleri i Utvik.

Kyrkjebyggar

Lars Nilsson Sølvberg <br/>har teikna og bygt<br/> Midtgulen kyrkje.

Lars Nilsson Sølvberg
har teikna og bygt
Midtgulen kyrkje.

Sølvberg gjorde seg kjend i heile Nordfjord som kyrkjebyggjar, og har teikna og bygt Midtgulen kyrkje i Bremanger i 1904 (sjå Kyrkjer i Bremanger). Han teikna Måløy kyrkje som stod ferdig i 1907 og Totland kyrkje ved Bryggja. (Sjå Kyrkjer i Vågsøy.) Han stod også føre utviding av Leikanger kyrkje på Stadlandet i 1895, restaurering av Innvik kyrkje i 1899, restaureringa av Innvik gamle prestegard i 1900, og ombygging av Utvik kyrkje i 1902.

Han har dessutan teikna og bygt den kjende villaen til børsemakar Myklebust i Eidsgata på Nordfjordeid i 1905, «lakselordvillaen» på Lysvoll i Stryn, Hotell Britannia i Utvik, gamlebygget til Gloppen Sparebank i 1893, og han innreia også den kjende «Kong Oscar-salen» på Hotell Central på Visnes (sjå Tendens Hotell og Central Hotell).