Lag for fjordingar og sogningar i Amerika

Logoen til Sognefjord Lag.

Logoen til Sognefjord Lag.

Nordfjordlaget i Amerika

vart skipa i St. Paul, Minnesota, i 1909 av presten Rasmus Jonsson Meland. Det første lokallaget for nordfjordingar vart skipa i Wisconsin alt i 1885. I 1989 skipa ekteparet Arvalene og Jakob Vedvik eit lokalt nordfjordlag i Wisconsin.

Sognalaget i Amerika

vart skipa i Albert Lea i Wisconsin i 1908. Det vart også skipa eit Sognalag i Tacoma i 1912, men dette var truleg eit regionalt lag på vestkysten.

Sognefjord Lag

vart skipa i Madison i Wisconsin i 1979 og har medlemene sine i hovudsak frå Midtvesten. Dette laget har skipa til fleire kulturreiser til Sogn. Dette laget har samarbeidd mykje med ”Vestlandslag”, skipa i Iowa i 1973.

Sunnfjordlaget i Amerika

vart skipa i Minneapolis i 1912. I åra frå 1913 til 1916 gav laget ut lagsskriftet ”Sunnfjordssoga”. Den første sunnfjordingen som reiste til Amerika, var truleg Gjert Gregoriussen Hovland (1794-1870) frå Askvoll som emigrerte i 1831. – Les meir om han under Askvoll kommune. Ludvig Olsson Skudalsnes f. 1810 i Indre Holmedal prestegjeld drog saman med 83 andre med barken ”Ægir” frå Bergen i 1837.

Etter oppteikningar gjort i 1985 av Leiv H. Dvergsdal, reiste det vel 1785 sunnfjordingar til Amerika i åra fram til 1885. Ei av dei største gruppene var 82 jølstringar som reiste i 1864 under leiing av Bendik Hegrenes, og to år seinare drog 90 personar leia av Ole Andersson Stubhaug (1821-1915) med skipet ”Adler” – dei fleste frå Førde og Naustdal.

Utvandrarar frå Solund på første etappen på den lange vegen til Amerika i 1925. Dei er fotograferte om bord i fiskekutteren 'Fremad II' på veg til Skjerjehamn i Gulen i korrespondanse med rutebåt. Dei som er med på biletet: I styrehuset f.v. Truls Pollen f.1881 og Rasmus Iversen f.1885. Framfor styrehuset øvst (bak f.v.) maskinist Sigurd Sjursen Pollen f.1898. Vidare Sjur Pollen f.1853 og Ole Iversen, f.1892, Rasmus og Ole var brør. Damene f.v. Ragna Ludvigsen f.1892, Marie Pollen f.Ytrøy 1887, gift med Truls i 1912, Ellen Mikkelsen Pollevik, Marie Pollen f.1895 g.Nesøy 1923 og Bergitte Pollen f.1890. Ukjend fotogrtaf. © Fylkesarkivet. .