LO i Sogn og Fjordane

Landsorganisasjonen i Noreg (LO) vart skipa i 1899 under namnet Arbeidernes faglige landsorganisasjon i Norge (AFL).

Den første organisasjonen som tok seg av fagpolitiske saker i Sogn og Fjordane, var Florø Arbeiderlag (sjå Lag og organisasjonar i Flora), skipa 1897. Den første «reine» fagforeninga i Sogn og Fjordane vart skipa ved Vadheim Elektrokjemiske Fabrikker i 1908. Den første 1.mai-markeringa i Sogn og Fjordane stod truleg aluminiumsarbeidarane i Stongfjorden for då dei gjekk i tog 1. mai i 1909.

1. mai-feiring i Stongfjorden i 1909. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

1. mai-feiring i Stongfjorden i 1909. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune.

Men retteleg tyngde fekk ikkje fagrørsla i fylket før anleggsarbeida i Høyanger starta i 1916, og dei første, radikale fagforeningane vart skipa der same året. – Les meir om dette under Høyanger kommune. LO skipa eige kontor i Sogn og Fjordane i 1976. Sidan 1958 hadde fylket hatt distriktskontor i samarbeid med Bergen og Hordaland.

1. mai-toget i Høyanger i 1920. Ukjend fotograf.

1. mai-toget i Høyanger i 1920. Ukjend fotograf.

John Bjarne Hjelmeland var distriktssekretær ved LO-kontoret i Førde frå starten i 1976 til 2004, då Bente Nesse overtok. Då Nesse vart tilsett som personalsjef ved Havyard Leirvik i 2005, overtok Arvid Langeland som LO-sekretær i Sogn og Fjordane. Han hadde då i mange år vore distriktssekretær i Fellesforbundet.

LO i Sogn og Fjordane held til i denne bygningen i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

LO i Sogn og Fjordane held til i denne bygningen i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.