Lærdalsmarknaden

Lærdalsmarknaden var årets høgdepunkt for både lærdøler og dei mange tilreisande. Mange tok godt føre seg av brennevin, og slagsmål var ikkje uvanleg. Illustrasjon: Bernt Kristiansen.

Lærdalsmarknaden var årets høgdepunkt for både lærdøler og dei mange tilreisande. Mange tok godt føre seg av brennevin, og slagsmål var ikkje uvanleg. Illustrasjon: Bernt Kristiansen.

Heilt frå 1500-talet har Lærdalsmarknaden nede ved fjorden vore det sentrale møtepunktet for handel og varebyte mellom Aust- og Vestlandet. På Lærdalsøyri slo det seg ned ei mengd handverkarar og kjøpmenn. Så tidleg som i 1643 les vi at presten Tomas Willumsen tok borgarskap i Bergen og dreiv handel på Lærdalsøyri. Lærdalsmarknaden var i fleire hundre år ein av dei viktige handelsmarknader i Noreg. Første gong den er omtala er i 1595. Då vert det påbod om at marknaden skal vare i åtte dagar frå 7. oktober. Lærdalsmarknaden var møteplassen for handel og varebyte for folk frå kysten og fjordbygdene og bønder langt ned i Valdres og Hallingdal.

Frå Bergen kom kjøpmenn med «byvarer» som jernvarer, tauverk og salt, og bøndene bytte jordbruksvarer som never, tjære, korn, smør og kjøt mot fisk og sild frå havfolket. Marknaden var eit sentralt møtepunkt for hestehandlarar. Hestane vart m. a. kjøpte i Nordfjord og Sunnfjord.

Og innimellom den meir «matnyttige» handelen gjorde allslags handverkarar, treskjærarar, klokkehandlarar og andre gode forretningar. Ein god del gamalt kunsthandverk som enno finst i Songebygdene - som t. d. dei kjende «løvekannene» - stammar frå handverkarar frå Austlandet som selde slike varer på Lærdalsmarknaden.

Margrethe Håkonsdotter Lysne dansa oppvisningsdans på Lærdalsmarknaden. Her er ho saman med mannen, Ola H. Lysne. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Margrethe Håkonsdotter Lysne dansa oppvisningsdans på Lærdalsmarknaden. Her er ho saman med mannen, Ola H. Lysne. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Felekappleik

Lærdalsmarknaden var det årlege høgdepunktet i Sognebygdene - ein folkefest. Ofte fekk tenestefolket fri frå gardsarbeidet i nokre dagar for å reise til Lærdal på marknad. Lærdalsmarknaden var som ein liten "Vestlandskappleik" for lokale spelemenn. Om fleire av dei beste spelemennene i Sogn les vi at dei deltok i årvisse kappspel på Lærdalsmarknaden. Det var ingen jury på desse kappspela – men det var gjevt for ein spelemann å få dei beste godorda frå marknadsfolket som svinga seg på dansevollen på Lærdalsmarknaden. Likevel vert det fortalt at kjende spelemenn som Ola Mosafinn frå Voss og Jørn Hilme frå Valdres ofte reiste til Lærdalsmarknaden og høyrde på spelet der. Ola Mosafinn lærde fleire slåttar på turane sine til Lærdal. Bondekona Margrethe Håkonsdotter Lysne (1850-1931) frå Børkjo var ei kvinne som både kunne kvede og danse springdans. Ho dansa oppvisningsdans på Lærdalsmarknaden.

Slåsskjemper mot fut og militærvakt

Men også slåsskjempene samlast på Lærdalsmarknaden: Dei kom frå Valdres, Hallingdal, Sogn og Voss for å ta ryggtak - og det som verre var. Med brennevinshandel og skjenkestover like ved marknadsplassen, seier det seg sjølv at det kunne gå livleg føre seg med slagsmål og knivbruk - til og med drap. Her samla vestlendingar og austlendingar seg i kvar sine flokkar som rauk saman så blodet flaut. Ein gong sist på 1600-talet gjekk det retteleg hardt føre seg: Då kameraten til Jon Larsson vart arrestert, samla Jon ein eigen «hær» på kring 100 mann. Med ein planke i neven marsjerte Jon føre hæren sin til arresten for å få kameraten ut. Men futen sette etter med sine folk. Då futen var opp i hælane på «folkehæren», kommanderte Jon Larsson «heilt om!» og baud flokken sin at dei skulle gå på futen og slå han ihjel. Både Jon og dei andre slo etter øvrigheita, og futen fekk nokre rapp over knokane utan at det gjorde stor skade. Men Jon vart dømd «udi jern til Bremerholm» i to år, og alt han åtte vart kverrsett av Kongen.

For å halde styr på marknadsfolket, vart det sett opp ei miltær avdeling med 30 soldatar som skulle halde ro og orden under marknadsdagane. Den lokale handelsmannen bygde eigen arrest i kjellaren. I tillegg fekk Lærdal eigen bygdevektar i 1737, då Jonas Bolstad (1737-1782) frå Luster fekk stillinga. Han skulle halde bygda rein for uynskte personar, men hadde også til oppgåve å leite opp menn som freista å lure seg unna militærteneste.

Skattefusk og drap

Den militære vaktstyrken vart finansiert ved ei ekstra avgift som vart lagd på varebytet, men både kystfolk og dølafolk freista å omgå avgifta ved å reise til Lærdal og gjere unna handelen før den «offisielle» marknaden tok til.

Lærdalsøyri i 1905. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Lærdalsøyri i 1905. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

I 1708 vart den militære vakta avløyst av ei meir «sivil» vakt. Den fekk som spesiell oppgåve å kome dette «skattejukset» til livs. Like etter dukka valdrisene opp til handel, fjorten dagar for tidleg. Men då vaktene skulle stoppe valdrisene og krevje dei for skatt, vart vaktene banka opp og stukne med kniv. I basketaket vart ein gut frå Valdres så ille medfaren at han døydde av skadane. Sonen til skaffaren i Lærdal, Jakob Rasmussen, vart dømd for drapet, men fekk berre ei bot fordi retten fann han hadde slege valdrisen i naudverje.

Etter denne bataljen, fann styremaktene det klokast å gå tilbake til den gamle ordninga med militærvakt på Lærdalsmarknaden.

Marknaden vert lagd ned

Marknaden hadde si beste blømingstid tidleg på 1800-talet. I 1842 var det jamvel aktuelt å gje Lærdalsøyri bystatus (sjå Plan om by på Lærdalsøyri). Men frå midten av hundreåret taper Lærdalsmarknaden gradvis si betydning. I 1876 vert Lærdalsmarknaden offisielt lagt ned. Ein grunn var at fylket ikkje ville betale kostnadane med vakthald, og alt i 1869 tok fylket til orde for å leggje ned marknaden. Men den viktigaste grunnen var nok likevel at denne forma for varebyte og handel hadde tapt si rolle i eit bygde-Noreg som no gjekk over frå sjølvberging og varebyte til pengehushald.

Dei sterkt veksande byane vart den nye marknaden for jordbruksprodukta; Valdris og halling sende kjøt og smør til Oslo med jernbane, og sogningane sende sine varer til Bergen med den nye «fylkesdampen». Dessutan vart handelsprivilegia til byane oppheva på 1840-talet, og lokale bygdekjøpmenn sytte føre det meste som folk hadde trong for av kjøpevarer. Frå 1970-talet har handelsstanden på Lærdalsøyri skipa til ein «ny» Lærdalsmarknad, der ein i tillegg til eigen handel også let omreisande handlande sleppe til frå salsboder.

På dette biletet frå 1890-talet ser vi hesteutstillinga i Øyramarki i høgre biletkant. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

På dette biletet frå 1890-talet ser vi hesteutstillinga i Øyramarki i høgre biletkant. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Hestemarknaden

Som ein slags «kompensasjon» for den nedlagde Lærdalsmarknaden, fekk Lærdal frå 1885 ei årleg offentleg hesteutstilling, som skulle kombinerast med ein hestemarknad. Opptil 600 hestar kunne årleg verte stilte i Lærdal for døming og sal.

Det var gjennom denne marknaden at dølahesten etterkvart fekk så stort innpass som hesterase i dei inste Sognebygdene. Den første offentlege hingsteutstillinga for blandingsrasar og dølahest i Sogn vart halden i Lærdal i 1855, og frå denne tida vart det starta avl på dølahest i Sogn.

Sogneungar

Ute på kysten var det i eldre tider eit omgrep som heitte «sogneungar». Dette var foreldrelause born som kystfolket, når dei reiste inn for varebyte på Lærdalsmarknaden, tok til seg og fostra opp heime. Var desse fattige og foreldrelause borna komne i tenåra, vart dei tekne med ut til kysten der dei fekk arbeid og ein stad å bu. Mang ein kystbuar i Sogn og Fjordane kan føre slekta attende til ein slik sogneunge.