Klokketårnet på Kapellneset. Foto: Arild Nybø, NRK.
I middelalderen var det kyrkjer på øya Silda (fram til 1500-talet) og på Kapellneset ved Raudeberg (fram til 1853). På Kapellneset vart det i 1944 reist eit tårn til minne om den gamle kyrkjestaden.
Mellomalderkyrkje på Silda
I mellomalderen stod det ei lita kyrkje på øya Silda. Kyrkja er omtala i 1340.
Nord-Vågsøy kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Sør-Vågsøy sokna til Rugsund-kyrkja
I mellomalderen har den sørlege delen av Vågsøy og dei fleste bygdene i ytre delen av Nordfjord, frå og med Bryggja og utover, sokna til kyrkja i Rugsund.
Kyrkje på Kapellneset
Sør for Raudeberg ligg Kapellneset. Hamna der vert kalla Bugen, og på dette neset vart det bygd eit kapell i 1580-åra.
Sør-Vågsøy kyrkje
i Måløy vart bygd i 1907.
Nord-Vågsøy kyrkje
på Raudeberg vart bygd i 1960.
Totland kyrkje
ved Bryggja vart bygd i 1912.