Kyrkjeasyl på Batalden

Batalden sett frå Kinnasund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Batalden sett frå Kinnasund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Batalden bedehuskapell vart bygt i 1907 og vigsla til kyrkjeleg bruk i 1911. Det var den allsidige forretningsmannen Andreas Gjertsen frå Salbu i Hyllestad som bygde bedehuskapellet på Batalden med sitt entreprenørfirma Gjertsen & Co.

På 1990-talet vart kapellet på Batalden fleire gonger brukt til kyrkjeasyl av flyktningar frå Bosnia og Kosovo. Under krigane på Balkan på 1990-talet var det mange flyktningar som rømde inn i kyrkjebygningar for å unngå å verte utviste frå Noreg. Der vart dei støtta og verna av kyrkjelyden. Sjølv om lova ikkje hindra det, kvidde norske styremakter seg for å tvinge seg inn i gudshus for å hente ut flyktningane som skulle utvisast.