Kunstnarane i Kroken

Hans F. Gude: Fisker med laksevarp 1857. Truleg er motivet frå Lustrafjorden. © Blomqvist Kunsthandel.

Hans F. Gude: Fisker med laksevarp 1857. Truleg er motivet frå Lustrafjorden. © Blomqvist Kunsthandel.

Kartograf Gerhard Munthe d.y. hadde gjennom arbeid og mange reiser i inn- og utland knytt kontakter med mange kunstnarar. Han var sjølv ein dugande teiknar, var svært interessert i kunst, og gjorde Kroken frå 1830-talet og utover til eitt av dei viktigaste sentra for biletkunstnarar i Noreg.

Johannes Flintoe

var den første kunstnaren som vitja Kroken.

I. C. Dahl

I 1826 kom I. C. Dahl (1788-1857) til Kroken første gong. Dahl er kjend som den første store romantikaren i Noreg og den som innleia «gullalderen» i norsk målarkunst.

Thomas Fearnley

Thomas Fearnley (1802-1842) frå Fredrikstad møtte I. C. Dahl for første gong i Kroken i 1826 og vart seinare eleven hans.

Peder Balke

Balke var elev av I. C. Dahl, og gjennom Dahl fekk han også lyst til å reise til Sogn.

Johan Georg Paul Mohr

Den danske målaren Johan Georg Paul Mohr (1808-1843) fylgde med venen I. C. Dahl til Luster, og i 1836 måla han «Parti ved Lysterfjord - Norge» og «Morgenbelysning, parti ved Flahammer i Bergen Stift og Landskab».

"Fra Fortundalen" av Knud Bull i 1836.

Andreas Achenbach

Andreas Achenbach (1815-1910) vitja Kroken i 1939 saman med den polske kunstnaren Christian Breslauer (sjå om denne nedanfor). Achenbach vart seinare professor i målarklunst i Düsseldorf.

Adolph Tidemand

Adolph Tidemand (1814-1876) vitja også Kroken, dit han kom etter ei reise over Sognefjellet frå Gudbrandsdalen i 1843. Han kom tilbake til Sogn i 1849.

Joachim Frich

Joachim Frich (1810-1858) frå Bergen vitja Kroken i 1843. Han var Dahl-elev frå Dresden, og måla eit stort bilete av Kroken-garden medan han var der.

H. F. Gude

Hans Fredrik Gude (1825-1903) er truleg den norske biletkunstnaren frå den romantiske perioden som har måla flest motiv frå Sogn.

Gerhard Munthe

Den kjende kunstmålaren Gerhard Munthe (1849-1929) frå Elverum var brorson til den kjende namnebroren sin, kartografen og kunstarvenen Gerhard Munthe i Ytre Kroken.

Utanlandske kunstnarar i Kroken

Thomas Fearnley hadde budd i Stockholm, og med hans tilråding vitja kjende svenske biletkunstnarar Kroken. Også kjende biletkunstnarar frå Tyskland, Polen og England stakk innom Kroken.

Les meir om: