Kristen Strømmen

Kristen Strømmen. Foto: Åge Senneset.

Kristen Strømmen. Foto: Åge Senneset.


Kristen Strømmen fødd 1921 i Rugsund. Fiskeoppdrettar og organisasjonsmann.

Strømmen var fiskar før han i 1972 starta lakseoppdrett som ein av dei første i Sogn og Fjordane. Han bygde eige slakteri i Rugsund i 1979. Oppdrettsverksemda vart den største i Bremanger kommune og sysselsette i 2006 18 årsverk.

Kristen Strømmen var nestleiar då Sogn og Fjordane Oppdrettarlag vart skipa på 1970-talet og styremedlem då laget slo seg saman med Hordaland noko seinare. Han var også styremedlem i det landsomfemnande Oppdretternes Salslag med hovudkontor i Trondheim.

Kristen Strømmen var medlem av det siste kommunestyret i Davik før samanslåinga til storkommunen Bremanger i 1965.