Kristen Olav Grøttebø

Kristen Olav Grøttebø fødd 1950 i Undredal, busett på Lærdalsøyri. Lensmann og musikar.

Grøttebø har lang fartstid i ulike band som countrymusikar, m.a. i den populære gruppa «Longhorn». Han har skrive fleire melodiar sjølv, m.a. den kjende visa om «E68 over Filefjell».

Grøttebø har arbeidd i lensmannsetaten i Lærdal og Årdal sidan 1974, og frå 1997 som lensmann i Årdal. Frå 2008 har han vore politiførstebetjent ved Sogn og Fjordane politidistrikt i Florø.