At det var ein militær eksersisplass i Vik sette sitt preg på bygda, særleg på slutten av 1800-talet. Her ser vi militærmusikken i Vik i 1890. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.
Den eldste militærhistoria i Vik
I Vik var det militær eksersisplass i 172 år. Fleire av offiserane sette varige merke etter seg.
Vik og 1. verdskrig
Om m.a. krigseksport av hestar.
Skogrekruttskule
I 1939 heldt den såkalla «skogrekruttskulen» til i Vik. Dette var vernepliktige soldatar som var kalla inn for 448 dagars teneste. Eit heilt kompani under leiing av kaptein Mons Haukeland (seinare skipar av Heimevernet) planta denne sommaren gran i Vik. Til saman planta kompaniet 200.000 granplantar - mest i lia under Seimsfjellet.
Sjå også: Skogrekruttskule på Nordfjordeid.
Vik og 2. verdskrig
Om bombinga i 1940, dei mange nazistane i Vik, våpenlager og arrestasjonane i 1943.
Ubåten i Sognefjorden
Ein haustdag i 1972 strøymde verdspressa til Sogn. Grunnen var at det skulle vere observert ein framand ubåt i Sognefjorden.