Krigshistoria i Naustdal

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

Deserterte frå Kalmarkrigen

I 1612 vart 117 menn frå Sunnfjord utkommanderte for å delta i det som seinare har vorte kalla Kalmarkrigen, ein krig som vart utkjempa 1611-1613 mellom Danmark-Noreg og Sverige i Blekinge og Småland. Sunnfjordingane vart plasserte ved Svinesund.


Men etter ei tid var det 27 sunnfjordingar som deserterte og stakk frå heile krigen. Fem av desertørane var frå Naustdal. Ein kjenner namnet på eit par av dei: Ingebrigt Pedersson Mallasvik og Amund Olsson Herstad. Straffa for slikt var vanlegvis hard, men av ein eller annan grunn såg danskekongen i nåde til desertørane slik at sunnfjordingane slapp med bøter frå halvannan til åtte riksdalar.

Krigsminne i Instedalen

I Instedalen vart det i 1914 reist ein minnestein over brørne Anders Svorstøl (1788–1810) og Simon Svorstøl (1790–1886) som deltok i krigen mot svenskane 1807-1814. Anders fall under kampane. I 2014 retta bygdefolket opp bautaen, som i løpet av 100 år hadde teke til å lute til eine sida. I tillegg vart området rundt pussa opp, og minnesmerket vart gjort tilgjengeleg for rullestolbrukarar.

Andre verdskrigen i Naustdal

Det store luftslaget over Sunnfjord 9. februar 1945 var den klart mest dramatiske hendinga for folk i Naustdal under andre verdskrigen.

Større artiklar frå 2. verdskrig:


Hovedside: