Kapteinsgarden på Skei. Foto: Arild Nybø, NRK.
Frå 1727 til kring 1860 var Toene ved Førde kyrkje eksersisplass for «Førdeske Compagni». På plassen var det reist eit telthus – lagerhus – og kommandanten budde i tunet på Skei som seinare har vorte kalla «Kapteinsgarden».(Sjå «Kapteinsgarden» under: Prestegarden på Skei.)
Martin Schei frå Førde verva seg til dei internasjonale sosialistbrigadane som kjempa mot general Franco og hans fascistar under den spanske borgarkrigen på 1930-talet. Schei fall i 1937.
Andre verdskrig i Førde
Førde var eit sentralt kommandopunkt for dei tyske styrkane i Sogn og Fjordane under 2. verdskrig. Fleire stader i Førde vart det bygd militærleirar, og russiske krigfangar vart nytta ved byggginga av kommandosentralen inne i Hafstadfjellet.
Kvardagsbilete frå Førde i 1941. Bussen til Firda Billag går på knott, brennomnen er montert på ein liten tilhengar, og bussen har med seg fleire sekkar med brensel. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.