Kongevitjingar i Lærdal

Noverande Kong Harald V har vore ein flittig gjest i Lærdal, både på laksefiske og hjortejakt. Her er dåverande Kronprins Harald med ein laks på 13,5 kilo som han fekk i Stødnaelvi i 1973. Foto frå boka ”Sportsfiske i Lærdal” av John Bruvoll.

Noverande Kong Harald V har vore ein flittig gjest i Lærdal, både på laksefiske og hjortejakt. Her er dåverande Kronprins Harald med ein laks på 13,5 kilo som han fekk i Stødnaelvi i 1973. Foto frå boka ”Sportsfiske i Lærdal” av John Bruvoll.

Olavsklemma ved Galdane i Lærdalsdalen, der ei segn fortel at Olav den Heilage skal ha snudd hesten sin på veg til Valdres. At Olavsklemma vart forma av denne manøvren er mindre truleg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Olavsklemma ved Galdane i Lærdalsdalen, der ei segn fortel at Olav den Heilage skal ha snudd hesten sin på veg til Valdres. At Olavsklemma vart forma av denne manøvren er mindre truleg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.


Halvdan Svarte

småkonge med eit rike som truleg femnde om Sogn (sjå Leikanger kommune), Vestopplanda og Vestfold, reiste gjennom Lærdal på 800-talet.

Harald Hårfagre

konge ca. 865-933, reiste på 800-talet frå Valdres til Voss over Filefjell og Lærdal.

Olav den Heilage

skal i 1023 ha reist opp Lærdal og til Valdres for å kristne dalføret. Etter segna snudde han hesten i det som seinare har vorte kalla «Olavsklemma» ved Galdane. Dette er ei jettegryte laga av Lærdalselvi, men segna ville ha det til at den var forma av hesten då helgenkongen vende den.

Øystein Haraldson

(son til Harald Gille) reiste over Filefjell i 1157.

Sverre Sigurdsson

reiste over Filefjell-Lærdal i 1177 på veg frå Vika (Oslo) til Bergen. Sverre og mennene hans fylgde den stien frå Borgund til Husum som seinare har vorte kalla Sverrestien. Lærdølene planla å gjere ende på Sverre og mennene hans ved å velte stokkar over dei i dei trange Galdane. Men Sverre oppdaga kva som var på ferde. Han kringsette dei som låg i bakhald, og dei som ikkje vart drepne av kongen, rømde unna. Men på Lærdalsøyri berga sogningane skipa sine unna kong Sverre, slik at han måtte gå til fots over fjella frå Lærdal til Bergen.

Magnus 5. Erlingsson

rømde frå Bergen og austover over Filefjell i 1183 etter strid med birkebeinarane. Han fall i 1184 i Slaget ved Fimreite, i strid med Sverre og birkebeinarane.

Kong Oscar II.

Kong Oscar II.

Kong Oscar II

vitja Lærdal i 1879. Vitjinga i Sogn var ein lekk i ei vestlandsreise der kong Oscar kom frå Voss til Gudvangen og reiste med båt ut fjorden der han vitja Leikanger og Fjærland, der kongen og fylgjet reid på hest til Bøyabréen. Kongen avslutta reisa gjennom fylket i Lærdal og Borgund. Kong Oscar vitja Lærdal i 1898. Også då var han på veg austover etter ei rundreise på Vestlandet. Han reiste då over Hemsedalsfjellet.

Gustav 5.

av Sverige vitja Lærdal som kronprins i 1898. Han overnatta på Maristova.

Haakon VII

Haakon VII

Kong George V

av Storbritannia vitja Lærdal i 1906. Han var då ”kronprins” med tittelen Prince of Wales, og kom til Lærdal med yachten ”Victoria and Albret”. Georg var invitert til Lærdal for å fiske laks av Captain and Baronet Albert Whitaker som då budde på kapteinsgarden på Ljøsne.

Kong Haakon 7., dronning Maud og kronprins Olav

vitja Lærdal og Maristuen i 1913, 1916 og 1921.

Kong Olav V.

Kong Olav V.

Kong Olav V og kronprinsesse Märtha

vitja Lærdal i samband med ei stor rundreise i 1933.

Dåverande kronprins Harald har fått napp, og får hjelp av Per Hjermann (t.h.). Biletet er frå 1984. Foto: Ole Fretheim, NRK.

Dåverande kronprins Harald har fått napp, og får hjelp av Per Hjermann (t.h.). Biletet er frå 1984. Foto: Ole Fretheim, NRK.

Kong Harald V

har heilt frå han var 15 år vore fast gjest som laksefiskar i Lærdal, der han vart ein nær ven av bonde Per Hjermann. Han var også fleire gonger på hjortejakt på eigedomane til Hjermann. Under opphalda i Lærdal har kongen budd på laksefiskargarden Moldebo og kapteinsgarden på Ljøsne.

I offisielle ærend opna Harald og Sonja som kronprinspar nybygget ved Lærdal sjukehus i 1987, og vitja også Lærdal i samband med ei stor rundreise i Sogn og Fjordane i 1979. Ferda gjekk elles til Solund, Høyanger, Fjaler, Gaular, Førde og Lærdal. Kong Harald opna Norsk Villakssenter i juni 1996, og Lærdalstunnelen 27. november 2000. Saman med Dronning Sonja vitja han Lærdal 23. januar 2014 etter brannen som øydela 40 bygningar på Lærdalsøyri 19. januar same året (sjå Storbrannen i Lærdal i 2014).

Dronning Sonja

stod i 2005 for den offisielle opninga av stavkyrkjesenteret ved Borgund stavkyrkje.

Dronning Sonja ved Borgund stavkyrkje då ho opna besøkssenteret i 2005. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dronning Sonja ved Borgund stavkyrkje då ho opna besøkssenteret i 2005. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.


Utanlandske monarkar:

Kong George V.

Kong George V.

Prins Knud av Danmark var fast gjest som laksefiskar i Lærdal.

Prins Knud av Danmark var fast gjest som laksefiskar i Lærdal.

Kong George V

av Storbritannia vitja Lærdal i 1906. Han var då ”kronprins” med tittelen Prince of Wales, og kom til Lærdal med yachten ”Victoria and Albert”. Georg var invitert til Lærdal for å fiske laks av Captain and Baronet Albert Whitaker som då budde på Kapteinsgarden på Ljøsne.

Dronning Margrethe

har fleire gonger vitja Lærdal og fiska i Lærdalselva. Medlemer av den danske kongefamilien med dronning Margrethe som den mest prominente har vore flittige gjestar. Det same har den belgiske kongefamilien vore.